Wednesday, February 9, 2011

ME BRAKAR LAUS MED MOTESHOW!

No har DU sjansen til å vere mannekeng for ein kveld! Hadde ikkje det vore kjekt? Me i Ungdomsrøra 2011 vil at nettopp DU skal vera med på å syna fram kle på Ungdomsrøa sin catwalk (motemolo).

Viss du går rundt med ein mannekeng i magen, ikkje nøl, meld deg på konkurransen og bli ein av dei tre (3) heldige. For oss er det viktig at alle har ein mogelegheit til å delta, det viktigaste er at du har ei utstråling og at du har lyst.

Dette er ein sjanse som du ikkje må gå glipp av!

Slik gjer du:

Skriv ein e-post til ungdomsrora@hotmail.com før måndag 28. februar (måndagen etter vinterferien). I denne e-posten skriv du ein kort grunn til at akkurat DU skal bli ein av dei tre (3)! (bilde er også lov å sende inn, men det er ikkje påbydd, det vil seie at det er lov å ikkje sende med bilde også)  

Du må også ha med namn (med etternamn) og eit telefonnummer som vi kan få tak i deg på.

Dette vert kjekt, meld deg på!

Ungdomsrøra 2011 ventar på ein hyggeleg e-post frå akkurat deg!!

Lukke til!




Stay tuned for more FUN!!






No comments:

Post a Comment